SpareBanker.COM

  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Home Finanstilsynet Stadig lågare inntekter og lønnsemd for dei frittståande verdipapirføretaka

Stadig lågare inntekter og lønnsemd for dei frittståande verdipapirføretaka

+ 3
+ 3


– Dette er det svakaste kvartalsvise driftsresultatet verdipapirføretaka har hatt på 2000-talet, seier konst. direktør for marknadstilsyn Anne Merethe Bellamy. – Sjølv om eitt føretak aleine hadde eit negativt driftsresultat på ca. 65 millionar kroner i tredje kvartal 2012, viser resultata at lønnsemda i bransjen som heilskap er under press, fortset Bellamy.

Driftsinntektene utgjorde 1 121 millionar kroner, ein nedgang på 83 millionar kroner (7 prosent) samanlikna med tredje kvartal 2011. Driftskostnadene blei samtidig reduserte med 40 millionar kroner (3 prosent).

– Hovudårsakene til den svake lønnsemda er den vedvarande låge aktiviteten innan andrehandsomsetnaden av eigenkapitalinstrument og emisjonar av slike instrument. Eit relativt høgt tal på føretak med konsesjon som verdipapirføretak, og hard konkurranse mellom desse, er òg ein viktig faktor for denne utviklinga, seier Bellamy.

For verdipapirføretaka som er integrerte i bankar, utgjorde driftsinntektene 2 065 millionar kroner i tredje kvartal 2012. Dette er ein auke på heile 558 millionar kroner (37 prosent) samanlikna med tredje kvartal 2011.

Ved utgangen av tredje kvartal 2012 var det 138 norske verdipapirføretak. Av desse var 30 integrerte i bankar, mens det eitt år tidlegare var 150 verdipapirføretak og 32 som var integrerte i bankar.

 

Les mer:

 

Add comment

Security code
Refresh



Finn din bank

FacebookMySpaceTwitterDiggDeliciousStumbleuponGoogle BookmarksRedditNewsvineTechnoratiLinkedinMixxRSS Feed

Finn ut hvor mye DU kan spare


type=#ja-content